top of page

Valgnemda ønsker innspill

Arbeidet med å velge styremedlemmer i Motvind Norge er i full gang. Valgnemnda ber medlemmer over hele landet om forslag til kandidater som kan bidra med erfaring, engasjement og gjennomføringsevne. Les brev fra valgnemda her:

ree

Frå valnemda i Motvind Norge 2025/2026.

 

Gode medlemmer i Motvind Norge.

Dei fleste av dykk er trulig oppteken av den tilstundande førejulstida – og alle gleder som fylgjer med denne. Slik er det med oss i valnemda og, men i tillegg er me mykje oppteken av det neste årets årsmøte i Motvind Norge. Oppgåva vår er å skaffa gode kandidatar til det nye styret, som skal veljast – tidlig i 2026.

Til dette trenge me innspel frå medlemmer og tillitsvalgte over heile detlangstrakte landet vårt.

Sjølv om det er spennande – og givande å ha verv i Motvind Norge, kan det til tider vera utfordrande. Skal me lykkast med å vinna kampen mot vind-industrien, må me ha gode folk til dette arbeidet, slik me har hatt fram til no.

Difor ber me dykk med dette, om å melda dykk som kandidatar, og/eller å komma med framlegg på andre som dykk meinar kan gjere ein god jobb for den gode organisjonen vår.

Me ber om navn, telefonnummer – og gjerne ei e-postadresse som me kan nå dykk/dei på. I tillegg ei kort skildring av kandidatane som blir føreslegne. Det er greit om dei vert spurd på førehand, men det er ikkje naudsynt. Me tar kontaktmed dei aktuelle kandidatane etter kvart! 😊

For å komma i gang med evalueringa vår, er me nødt til å setja frist for innspel til; Snarast, og seinast innan måndag 8.desember i år.

Framlegg til kandidatar kan sendast til;

Arnt-Ivar Lillevik; arntivarlillevik@yahoo.no

 

Mo i Rana, 22.november 2025.

 

Helsing valnemda 2025/2026

Arnt-Ivar Lillevik, leiar.

Ståle Juvik Hauge, Annemor Ekeland og Egil Fredriksen.

bottom of page