top of page

VINDKRAFT TRUGAR HISTORIA

Frå Kitty Kielland sine torvmyrer til Arne Garborgs Haugtussa – Jærens landskap har forma kunsten, kulturen og identiteten vår i over 4000 år. No er desse økologiske kulturminna sterkt trua: Vindkraftutbygging riv opp dei siste restane av kystlynghei og gjer det vanskelegare å oppleva landskapet som har prega både historia og sjela til Rogaland.


ree

Skrevet av: Audun Steinnes


Stavanger feirar i år at den eineståande domkyrkja har vore i samanhengande bruk som kyrkje i 900 år og legg til grunn at byen er om lag like gammal. I nesten heile denne tida har byen vore ei forblåsen lita klynge med trehus. Viktig i jubileet var å gjenskapa noko av stemninga frå landsregattaen i 1868 med ein regatta med gamle båtar frå heile fylket som samla seg i Vågen.

Men korleis såg omlandet til byen ut , utanfor den avgrensa trehusbyen? Stavanger og Jæren hadde kulturpersonar som gjev oss inntrykk av korleis dette var for 100-150 år sidan. Bernard Hinna sitt målarstykke ”Myrlænde” viser korleis det rundt 1899 var der det nå er 4-felt motorveg. Dette er representativt , Jæren var brun, dominert av myrar og heiar. Dette kan ein framleis ana, i mindre område som Dalsnuten, Hellestøveden og Edlandsfjellet ved Ålgård. Litt av dette frå Stavanger til Ogna og inn i Bjerkreim vart festa til lærettet av stavangerdama Kitty Kielland. Det var fjell og fjordar som hadde status i kunstmiljøet den gong, men Kitty si torvmyr vart likevel vist i Salonen i Paris i 1890. Du kan oppleva noko av dette nå i Stavanger kunstmuseum med utstillingen ”Fra røttene” med Kitty Kielland og Frida Hansen med stor vekt på ”Lyngheier, torvmyrer og botanikk”. Ein av kuratorane, Inger M. L. Gudmundson , har teke doktorgrad i vår med liknande vinkel på Kielland.


Haugtussa

Ein ung bondeson frå Time, Arne Garborg, tykte Jæren var stygg og reiste til hovudstaden med lett hjarte. Men det han skriv mot slutten av hundreåret syner tydeleg kor djupe spor dette landskapet hadde sett. I 1895 kom diktsamlinga Haugtussa. Modellen for hovudpersonen Veslemøy skal ha vore ei tenestjente frå Snorestad opp mot Sikvalandskulå der faren leigde smalabeite. Samlinga er sterkt prega av heilandskapet her. Etter at han fekk diktarstova si i 1899, gjekk han mykje i desse heiane (og elles på Jæren), dei levande skildringane av dette kom i ”Kudaheibrev” i 1904.


Men dette kulturlandskapet er mykje eldre enn dette. Lisbeth Prøsch Danielsen ved Arkeologisk Museum Stavanger med fleire har ved hjelp av pollenanalysar dokumentert at dei massive varmekjære lauvskogane på delar av Låg-Jæren alt frå yngre steinalder måtte vika for lynghei, eng og myr gjennom beiting og brann. Denne utviklinga på Låg-Jæren og Lista er det fyrste dømet på eit husdyrdominert landskap i Noreg.


4000 års historie

I bronsealderen er Låg-Jæren heilt dominert av lynghei og myr, og i folkevandringstida rundt 500 e.kr har avskoginga nådd langt inn i Bjerkreim, m. a. rundt Uadal på Storrsheia. I hundreåra før rikssamlinga ligg altså tunge maktsentra som Sola/Jåttå, Hauge/Høye i Klepp, Utstein og Avaldsnes sentralt i dette lyngheilandskapet og gjev liten tvil om kva som utgjorde vikingtidslandskapet i denne politisk og kulturelt tunge landsdelen der i sørvest.


Utover 1900-talet har energipolitikken endra fylket sterkt med utbygging knytt til oljeverksemda, og 80 % av vasskrafta er utbygd. Låglandet i fylket blitt heilt omdanna som det viktigaste området i landet for husdyrproduksjon gjennom oppdyrking og oppgjødsling. Men det sterke husdyrmiljøet som og hadde interesse for utmarksbeiting førte til at tilgroinga har vore mindre enn dei fleste andre stader i landet. Derfor var det sist på 1900-talet store landskapsrom dominerte av kystlynghei der folk kunne oppleva dette økologiske kulturminnet som repreesenterer ei 4000 år gammal historie. Det er derfor gode grunnar for å kalla desse landskapa det eldste kulturlandskapet i landet.


Sterkt trua landskap

Den sterke endringa med tilgroing, bartreplanting, oppgjødsling, oppdyrking og nedbygging, gjorde at kystlynghei kom på raudlista for naturtypar som sterkt trua og fekk status som utvald naturtype etter den nye naturmangfaldlova i 2015. Miljøminister Tine Sundtoft kunngjorde dette 30. april 2015 på Store Marøy i Stavanger der Naturvernforbundet dreiv og driv skjøtsel av kystlyngheia. Likevel vart det gitt løyve til å bygga vindindustrianlegg på store kystlynghei areal i Rogaland. M. a. er det største kjende kystlyngheiområdet i landet halvert på grunn av Bjerkreim vindkraftverk.


Dette landskapet isette djupe spor i kunstverka til Arne Garborg og Kitty Kielland. Det er framleis truleg ein del landskapsrom der ein kan oppleva dette vikinglandskapet og det eineståande kulturlandskapet utan vindturbinar. Nord-Jæren er det tredje største storbyområdet i landet, det største som ikkje har bymark. Ein skulle tru at det var særleg viktig for dette storbyområdet å ta vare på ein slik opplevingsverdi.


Historia forsvinn

Landbruket i Rogaland har gjort ein særleg stor innsats for å ta vare på slike landskap ved skjøtselsavtalar over jordbruksavtalen på over 100 km2 i Regionalt miljøprogram. Miljøforvaltninga har i fleire år arbeidd med verneplan for naturtypar som så langt er lite dekka av verneområde. Statsforvaltaren har kome med framlegg om å verna strendene på Vest-Karmøy og fleire kystlyngheiområde som så langt har sloppe unna vindkraftutbygging. Det største av desse, Moi-/Lakssvelafjellet, er nå trua av vindkraftutbygging av Statkraft. Dette skjer trass i at Energidepartementet avviste konsesjon i 2015 på grunn av tunge nasjonale fauna-, natur- og kulturlandskapsinteresser og særleg dramatisk landskapsverknad.


Det siste året har dei to største teatera i Oslo, Nationalteatereet og Det norske teateret sett opp stykke bygd på Haugtussa til strålande kritikkar. Dette syner at Haugtussa ikkje er eit forelda produkt frå nasjonalromantikken , men engasjerer sterkt i dag. Ei rekkje innspelingar av Griegs musikk, sist med Lise Davidsen, og fleire nye tonsetjingar til dikta tyder på det same. Dette er berre endå eit moment for at det ville vera svært uheldig å redusera høvet til å oppleva landskapa som inspirerte Arne Garborg og Kitty Kielland så sterkt og som har dominert i omlandet til Stavanger i desse 900 åra.


ILLUSTRASJONAR


Lynghei og myr på 1800-talet

Biletserie sett saman i samanheng med byjubileet til Stavanger. Målarkunst rundt 1900 i Sør-Rogaland, dei fleste av Kitty Kielland frå samlinga til Stavanger kunstmuseum. Kva fortel desse om korleis omlandet til Stavanger har sett ut? Delvis kopiert frå katalogen til separatutstillingen til Kity Kielland i 2017, delvist fotografert i samlinga. Nokre av dei er kopla med nye foto som kanskje er frå same staden.

Serien har som mål å illustrera min kronikk i Stavanger Aftenblad torsdag 3. juli 2025: ”Vindkraft trugar historia” med lenker i nettversjonen.


Moifjellet 2, det eldste kulturlandskapet i landet?

Biletserie sett saman i samanheng med byjubileet til Stavanger. Serien har som mål å illustrera min kronikk i Stavanger Aftenblad torsdag 3. juli 2025: ”Vindkraft trugar historia” med lenker til nettversjonen. Han viser landskaps- og naturverdiar i denne største samanhengande delen som er att av det største området i landet med den sterkt trua og utvalde naturtypen og det økologiske kulturminnet kystlynghei


Moifjellet: Forvalting


Garborg: Til deg du hei, Knudaheibrev


Andre illustrasjonar

bottom of page